Sertifiseringer og samarbeidspartnarar

Fokus på kvalitet og trygg mat er essensielt for oss i Inka, og vi har gode system for kvalitetssikring som tilfredsstiller alle norske krav til sertifiseringar. Inka er sertifisert etter den britiske standarden BRC, grad A, og har i tillegg HACCP og Kosher godkjenning. Inka er også registrert i det amerikanske FDA, US Food and Drug administration. Dette gjer at du skal vera trygg på at produkta vi lagar held høg standard.

Vi er oppteke av nyutvikling og effektivisering. I samspel med myndigheiter og i samarbeid med våre kundar og leverandørar jobbar vi kontinuerleg med forbetringar, kvalitetssikring og utvikling av nye produkt. Med ein topp moderne maskinpark, erfarne tilsette og effektive produksjonsløysingar er vi svært fleksibel på førespurnad frå kunde. Dette gjer at vi i dag produserer over 40 ulike produkt til eksport verda over.

Vår største kunde er Seaborn AS og så og sei all vår produksjon går til dei. Samarbeidet blei oppretta allereie i 2006 og har vore i jamn vekst sidan starten. Seaborn, med hovudkontor i Bergen, er eit salsselskap eigd av fleire oppdrettarar lokalisert langs norske kysten. Dette gjer kundane ein unik moglegheit til å komma tett på kjelda og til å følge fisken frå den blir produsert til den kjem ut i marknaden.

BRC Serifikat